100 Års-jubileum

UL Skjoldafjord vart stifta i november 1922. I løpet av desse åra har me endra oss mykje, men ein ting står seg; uansett kva for prosjekt me er involvert i, så har me hatt det utruligt kjekt i lag. Her skal du få eit innblikk i litt frå vår lange historie. 

UL Skjoldafjord ein sprek 90åring av Gunnar Listog, Vindetreet 2012

 I samband med 90 års jubileet til Ungdomslaget skreiv Gunnar Listog ein tekst om laget si historie i Vindetreet. Her gir han lesaren eit godt overblikk over dei fyrste 90 åra. 


Skipingsmøte

Sundagskvelden 19.novbr 1922 samlast kring 30 ungdomar til møte på meierisalen i Isvik. Møtet var sammankalla etter upptak av Morten Vatnaland og Osm. Vestre, og tanken var at ein vilde prøva skipa eit lag for ungdomen i Skjold. Laget si fyrste uppgåve er å samle ungdomen i Skjold til sams arbeid for gode hugmål. 

a. for folkeupplysning og nasjonale uppgåver,

b. for avhald frå rusdrykk, og for eit sedelegt og frisk ungdomsliv i bygdi.

I paragrafane vidare står det m.a at desse føremåla skulle fremjast ved ofredrag, ordskifte, opplesing og kveldsskular med opplæring i landsmål og andre "ålmenndannande fag". Årspengar vart sett til 2kr for menn og 1,50 kr for kvinner. Aldersgrensa var 14 år. Møtet skulle vera kvar sundagskveld når Skjold kristelege ungdomsforeining ikkje hadde møte. På kvart fjerde møte var songleikar del av programmet men "dans er heilt utestengd". 

Namnespørsmålet vekte livleg debatt: Skulle laget kallast Ungdomslag eller mållag? Blandt dei frammøtte meinte m.a. Sigmund Lillejord, Morten Vatnaland og Omsmund Vestre at laget burde kallast mållag. for å ikkje bli forveksla med det kristelege ungdomslaget, eit lag som vart stifta berre fem år tidlegare, i 1917. Sverre Hop var usamd. Han meinte det ville verta vanskeleg dersom alle ting skulle vera på "målet". "Det er få som greier lesa det, og mest ingen som kan skriva det,"sa han mellom anna. Han fekk støtte frå mellom anna Bernt Håkull, Torvald og Knut Langeland og Gunvald Meland. Namnespørsmålet vart utsett til eit seinare møte.

Det fyrste styret i ungdomslaget Skjoldafjord hadde slik samansetning: Morten Vatnaland vart vald til den fyrste leiaren i laget med Knut Langeland som nestformann. Kassastyrar vart Gunvald Meland, skrivar Sigmund Lillejord med Ragnhild Økland som varaskrivar. 

Heile 25 personar skreiv seg inn skipingskvelden. 


Foredrag og ordskifte 

Fyrste ordinære møte i laget fann stad tysdag 21. november 1922. Her heldt Elias Melvær eit så inspirerande foredrag om diktarpresten og riksråden Elias Blix at skrivar Sigmund Lillejord m.a. skriv i møteboka: Gjev me måtte få rett mange slike foredarg i laget vårt! Då skulde det nok snart syna seg at motviljen mot norske salmar og anna norskt tok til å bråna burt her i Skjold. Amtslærar Elias Melvær med lærareksamen frå Stord i 1869, var på den tida, både landskjend som stortingsmann og ei vidgjeten folketalar. Melvær hadde vore med i radikale Venstre og var ein av 41 stortingsrepresentantar som i 1885 underteikna oppmodinga om at "det norske folkemålet" skulel få "full rett og fridom" jamnsides bokmålet." Samme året heldt han det fyrste innlegget som vart prenta i Storthingtidende på landsmål. Elias Melvær var æresmedlem i Noregs Ungdomslag. Det var litt av ein kapasitet UL SKjoldafjord hadde engasjert til å tale på det fyrste ordinære møtet i laget denne novemberkvelden i 1922. 

Seinare på året heldt Gerhard Kjølås foredrag om forfattaren Henrik Wergeland. Det ser ut som lagsmedlemmene var særleg interreserte i norsk litteratur og norske forfatterar. Etter kvart var det m.a. foredrag om Arne Garborg, Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Henrik Ibsen. I referat frå eit av dei fyrste møta står det også at laget kjøpte inn Alvestads songbok, for allsongen var fast programpost på møta. Det var òg opplesing. Stort sett frå norsk litteratur. 

Gode ordskifte og debattar om ulike små og store samfunnsspørsmål var ofte ein viktig programpost på møta. Medlemmene trivest med friske diskusjonar. Av tema som vekte gode ordskifte, kan nemnast: "Kven øyder mest, mannen eller kvinna?", "Kan det løna seg å gå på ungdomsskule?" (folkehøgskule), "Korleis kona mi skal vera?", "Målet", "Er det bra for ungdommen å velja seg sitt livsmål tidleg?", "Kven greider seg best åleine; mannen eller kvinna?", "Korleis ein på beste måte kan nytta fritidi si". Dei beste debattane fekk ein når den som heldt innleiingsforedraget spissformulerte seg slik at meiningsbrytningane vart litt kvasse. Skulelærarane Severin Hove og Ola Nonslid var dyktige innleiarar, det same var Bjarne Bjelland og Osmund Vestre. 

På lagsmøte 7. desember 1924 innleide Selma Haraldsen til ordskifte om temaet "Kan det løna seg å gå på ungdomsskule?" Ein av debattantane var lærar Johan Vaksvik. Han understreka danningsperspektivet, og sa m.a: Dessutan hev ungdommen godt av å koma ut og koma saman med kameratar. Soleis vil pengane renta seg godt. Emil Frøvik hadde motforestillingar bygd på eigne erfaringar. Han kunne opplysa at då han sjølv gjekk på Utgarden, reiste nokre av gutane til Kopervik og drakk seg så fulle at dei lyt berast heim. Dei karakterveike tok soleis skade av å gå på skule, meinte han. Debatten drea seg om danning kunnskap, regelen om at gutane ikkje kunne gå på jenteinternatet og mykje meir. Det må ha vore interessante lagsmøte!

Møteboka gjev oss og innblikk og tankar i tida. Frå eit møtereferat frå ein jonsokfest i 1924 heldt lensmann Dybdahl eit foredrag der han m.a seier det kunde gjerne ikkje verta so lenge fyrr me her i Skjold kunne få elektrisk ljos so det var å skru på knappen når det tek til å myrkna um kveldane, og kanskje kunde me snart få setja oss i toget, når me vil ha oss ein tur til Haugesund. 

Interessa for små og store ting i heimbygda var påfallande. På møtet 29.mars 1925 drøftar laget om dei skal senda forlsga til soknerådet om at det på kvar preikesundag skulle syngjast ei salme på landsmålet. Dette var eit forlslag som alle på laget var samde i. Det var nok litt skuffande at soknerådet mot tre røyster ville la saka venta til den nye salmeboka kom. Debatten om bruk av landsmålet i kyrkjesamanheng var sterk i Skjold på den tida. Alt i 1923 og 1924 hadde Skjold lærarlag sendt to oppmodingar om det same, til å nytta Blix-salmar i gudstenesta. 


"Vårblom" 

Tidleg på nyåret 1923 kom forslag om cigc blad for Ungdomslaget. Det var Sverre Hop som kom med framlegget. 

I referat frå møtet 4. mars 1923 står det mellom anna: Alle var samde um at det hadde vore gildt um me kunne få det til; det galdt berre um det ville gå. Største vansken Vilde sjølvsagt verta å få "mat åt det". Til bladstyrar for kvartalet april — juni vart Osm. Vestre vald.  29. mars 1923 fekk me for fyrste gong bladet i laget. Det var lite av innsende stykke, so bladstyraren hadde lote skaffa innhald åleine. Han bad um at andre måtte hjelpa til til næste gong. So skulde bladet døypast. Det fekk namnet "Vårblom", etter at det var røysta over tvotriframlegg. Det vart lese frå bladet på annankvart lagsmøte. Ikkje alltid var innhaldet like fengande. I referat frå lagsmøte 20. januar 1924 står det m.a.: so vart "Vårblom" upplese. Det var helst lite denne gongen og bladstyraren let ille yver at det var so få av lagslemene som skreiv i blade. Men alt på lagsmøtet 3. februar har pipa ein annan lyd. Då står det i møteboka: .. og so kom "Vårblom " med mykje og morosamt innhald. Etter kvart fann bladet si form og vart til stor glede for lagsmedlemmene. Ei tid var Selma Haraldsen bladstyrar, og der var mange gilde stykke, og dei vart godt framførte. Bladet "Vårblom" vart del av arbeidet til UL Skjoldafjord i mange tiår. 


Gode formidlarar 

Både lærar, prest og bønder var viktige bidragsytarar på lagsmøta. Frå møteboka får ein inntrykk av at mange var gode formidlarar, også dei utan akademisk utdanning. Ein som på ein slik måte sette kveik i møtelyden, var Sjur Dagsland. På møtet 3. februar 1924 las han frå Kvinnherad-forfattaren Jens Tvedt si bok "Ættarvende", som hadde konne ut året for. I møteboka står det nnellotn anna: Han las og forklarte på ein særs gild måte, so det var med naud me greide å halde oss for lått sume tak. Han vilde til slutt segje til ungdomen at me måtte lesa mykje, særleg måtte me lesa mykje av norske diktarar, det vilde koma oss til stor nytte seinare i livet. 

 

Og lesegleda rådde tydeleg i heimen til Sjur. På nnotet 21. desember dette året står det: Etter å ha sunge ein song, skulde Hans Dagsland deklamera “Terje Vigen”. Kvikk og manndig steog den vesle tolvårs gamle guten upp på stolen og las tydeleg og greidt heile stykket til ende. 

 

Gleda og nytten av å lesa kjem fram i fleire møtereferat. 9. november 1924 innleidde lærar Nonslid til ordskifte om temaet "Korleis kan ein på beste måte nytta fritida si?". Her seier han m.a.: Um kvelden kunde ein så nytta boksamlingane, finna ei bok av ein norsk forfattar og lesa for alle i huset til glede og gagn for alle. Ein laut sjølvsagtfinna triveleg lesnad. 

Bondeungdomane skulde nytta meir boksamlingane, det vilde hjelpa til å få meir luft under vengene. Men og storpolitiske hendingar kunne vera tema på møta. Det må ha vore eit interessant møte då Emil Frøvik fortalde om soldatlivet i Frankrike under 1. verdskrigen. I foredraget nemnde han og gleda det var å koma til Amerika etter krigen — og verta hylla på det beste, men og det tunge det var å skiljast frå kameratar. Det var sams liding som batt dei saman med sterke band, står det i møteboka. 


Møtelokale og møtetid 

I oppstarten var styret oppteke av husspørsmål. Dei spurde mellom anna om å få leige ein sal i huset til feriekolonien på Kalstveit, og dei spurde Marta Alendal om å få leige kaffistova hennar. Det enda med at møta i byrjinga vart haldne i eit lite rom på loftet i kommunehuset i Isvik. Men alt hausten 1924 byrja debatten om større og meir tenelege lokale. Etter kvart vart meierisalen nytta til lagsmøte. Frå 1933 leigde laget møtelokale i kommunehuset, men -mange meinte 3 kr for ein møtekveld var i dyraste laget. 

Å møtast til skjoldatid er blitt eit omgrep. Ei forklaring på skjoldatid-omgrepet finn ein i møteboka for laget: Møtet 18. mars 1923 tok til ein halv time etter skjoldatid det vil segja ein heil time etter fastsett tid. Ref. frå møte 3. februar 1924: "Møtet byrja på Skjoldatid.”Ut frå nnoteboka ser det ut som møta byrja om lag halv åtte og vart avslutta i ti-tida. 


"Medlemene i Ungdomslaget Skjoldafjord segjer "Burt med tobak og sterk drik"!  

På lagsmøtet 1. november 1925 var tobakksbruk tema. I møteboka står det: Lærar Hove heldt eit stutt men greidt innleiingsforedrag. Han tok til med å syna at tobakken inneheld ei fælsleg sterk gift — nikotin. Tvo — tri dråpar er nok til å drepa eit menneske. Og ein liten fugl døyr ved å ande inn dufti av nikotin. Når me berre tenkjer på det økonomiske, er det reint meiningslaust å bruka tobakk, I1923 røykte, togg og snusa det norske folk for meir enn 18 mill. kr. Kunde ikkje desse pengane nyttast på ein gagnlegare måte for folk og land? spurde innleiaren. Etter foredraget var meiningsbrytningane sterke. Likevel enda debatten med eit sams ynskje: Burt med tobakken!! 

 

Liv laga 

Den store aktiviteten frå oppstartåra på 1920-talet, heldt fram også i 1930-åra og varde ved heilt til krigen kom i 1940. Ungdomslaget Skjoldafjord vart berar av positive samkomer og møteplassar for skjoldabuen. Laget hadde ideelle mål, aktivitetane var varierte og mangfaldet stort. Det var lett finna sin plass. 17. mai-fest, jonsok-, haust- og jule-festar, jule_ konsertar, marknad i tre dagar til inntekt for eige husvære, gåturar, bilturar, alle desse aks tivitetane gav positive fritidsopplevingar i eit godt sosialt bygdefellesskap. "Pakkafesten" som laget arrangerte kvar haust er døme på slik ei triveleg bygdesamkome. Då hadde alle jentene med seg ei korg med festmat (pakkar), ein festleg utanbygdsmann var hyrt inn som auksjonarius, og så kunne mennene by på korga-pakkane. Premien var ikkje berre pakka, men ög det å få fylgja jenta heim. Om det for nokon vart ein premie som varde vidare i livet, seier soga ikkje noko om. På denne tida var det ikkje tillate med runddans, berre songleik og folkeviseleik. Her hadde laget eigne reglar. Laget utvida stadig aktiviteten. Den arlege plantedagen er døme på det. Skogplanting var viktig på Vestlandet i forkrigstida, det dreiv både friviljuge organisasjonar og skul elevar med. Einskilde år sette lagsmdlemmene over 5000 planter. Utvakse vart dette til mange famnar. Laget starta og opp studieringar. Tema som ute- og inneplanter, jordbruk vekte interesse. 

 

Krigen sette ein mellombels stoppar for aktivitetane til ungdomslaget. 


Etterkrigstida 

UL Skjoldafjord gjekk i dvale i krigsåra, men vakna til liv att då "ljos over landet strøymde." Laget heldt fram med lagsmøta på søndagane der foredrag og diskusjonar om aktuelle tema, opplesing frå ''Vårblom" og leik og underhaldning var blant innslaga. 

Edruskapsarbeid og målsak hadde framleis fokus, difor var då også arrangementa alkoholfrie. 

 

Aktivitets-mangfaldet vart eit varemerke for UL Skjoldafjord også i etterkrigstida. Lastebilturar til m.a. Kinsarvik og Maurset, seinare bussturar til ulike plassar med Ommund Vestre bak rattet, var fine opplevingar for mange.Folkeviseleik og leikarring for born var gode tilbod for store og stuå. I ein del år var Eggja skule tnotestad for lagsmøta, men her var dans ikkje tillate. Laget korn difor etter kvart til å leige seg lokale i Banken i Isvik. Men i tillegg hadde UL Skjoldafjord fått laga ein fin danseplatting med spelemannshytte og kulørte ljospærer hangande i trea på Tefatet i Dalane. 

 

Aktivitetane var mange; folkefestar, 17-mai og juletrefestar, songkveldar skapte stemning og glede. Etter kvart byrja og laget med teaterframsyningar. 

Samfunnsengasjementet var bg eit varemerke i etterkrigstida. UL Skjoldafjord var m.a. sterkt engasjerte i å få til eit minnesmerke over dei falne i krigen, og alt i 1946 sette laget av 1128 kr til dette føremålet. Først 32 år seinare, 17-mai 1978, vart støtta avduka. Dette engasjementet synte seg og då laget i 1956 hadde basarar og der inntekta på 1000 kr gjekk til dei som miste forsørgjarane sine då fiskebåten Brenning gjekk ned utanfor Måløy og 19 mann omkom. 

 

1960-åra vart eit tiår med litt laber aktivitet. Faste lagsmøte og to teaterframsyningar, "Kallane i Oladalen" og "Nattefriarane" synte likevel at det var liv i laget. Aktiviteten auka vesentleg utetter på 1970-talet: Årlege teaterframsyningar frå 1976; barneteater; kunnskapstevlingar; ulike kurs, m.a. i folkeviseleik og japansk prydsaum; mandolinorkester; kulturkveldar med Ingvar Moe og Stanley Jacobsen; gammaldans; kostymeball var blant aktivitetane. Turar til Longårsdalen, årleg skitur til Seljestad, sykkelturar gav gode fysiske utfordringar. 1 1979 vart det på ny liv i Barnelaget der opplæring i folkeviseleik var blant aktivitetane. Eldsjeler i dette aktivitetsarbeidet var mellom anna Laila Voll Langeland og Liv Tokerud 

 

1970-åra er og tiåret då medlemsbladet "Vårblom" fekk ei meir moderne drakt, frå å vera ei handskriven bok til å verta eit stensilert medlemsblad. 

 

I konkurranse med idretten 

IL Skjoldar vart stifta i 1977, og "mange av medlemma har gått over til idretten". Slik skreiv leiaren i ungdomslaget dette året. Likevel er åra fram mot tusenårsskiftet år med spenst og stor aktivitet. Dansen kjem for fullt inn i laget med eldsjeler som Odd Steinar Kvinnesland og Arvid Tveit. Folkedans, gammaldans og sving, “Kalvedansringen" for vaksne, leikarring for born, vekte stor danseinteresse i bygda. Barnelaget dreiv og med dokketeater, teater og forming. Teatreaterinteressa var framleis stor. På 80-talet sette laget opp fem forestillingar. I1994 engasjerte UL Skjoldafjord seg i "Mellomfolkeleg vennskapskommune", eit nordisk samarbeid der representantar for laget vitja venskapsbyar både i Dantnark (Otterup), Sverige (Alvekarleby) og Finland (Somero). 

Laget hadde lagsmøta sine på Banken heilt til denne vart riven i 1979. Då endra og lagsmøta seg, dei vart styremøte. 

 

Ei ny tid

Etter årtusenskiftet er aktiviteten i UL Skjoldafjord blitt meir spesialisert. Borte er foredraga, diskusjonane, litteraturlesinga, opplesing frå "Vårblom", allsongen. No er det revy og teater som dominerer aktivitetsbiletet. Vaksengruppa har sidan 2003 sett opp heile femten framsyningar, barnegruppa seks. Imponerande. Men framleis er opplæring i dans del av lagsaktiviteten: smådans, stordans, hip-hop.  


UL Skjoldafjord har vore ein kulturaktør i Skjold gjennom generasjonar. Å veksa opp i ei bygd der engasjemenet og arbeid for positive og byggjande verdiar har gått i arv, er eit privilegium. UL Skjoldafjord er framleis ung til sinns og har framtida føre seg!