Barneteater

Herligville April 2024

Vi gleder oss til denne produksjonen av barneteateret.

Over 20 barn er med .

Det blir satt opp 2 forestillinger søndag 14 april.

Leia skjoldabuen inn i julestemning

Rundt 50 små og store nissar viste fram: «Då nissen reiste på ferie i desember» føre ein fullsatt kultursal i Skjold Arena. Initiativtakar Marita Kvigne var svært nøgd med framføringa.

Av Kristina Haugen Moe, Grannar

Over 300 publikum tok turen til Skjold Arena då U.L. Skjoldafjord sitt barneteater synte ei juleforestilling føre barnefamiliar i Skjold. Nissen hadde nemleg reist på ferie i desember, så det blei opp til alle nisseborna å ordne til jul.

Marita Kvigne, som er initiativtakar til teateret, skryt borna opp i skyene etter forestillinga.

– Til å berre hatt 5-6 øvingar på scena så synes me det har gått kjempebra!

Ho fortel at ho også var nøgd med publikum, som klappa og lo om ein annan. Og no gjer dei seg klar til ei ny syning på måndag.

– No er vi klar til måndag. Alle somarfuglane i magen er nok borte nå, og så gjer vi ei knallbra visning i morgon også, fortel Kvigne.

Da Nissen reiste på ferie 


65 barn på scenen

I Skjold har ei nissedrakt forsvunne på mystisk vis, og ei sur vinterdronning skapar skummel stemning. Vil dei klare å samarbeida om å finna nissedrakten til nissefar innan det blir jul?

Av Grete Hopland Ravn, Grannar

Den skumle og gretne vinterdronninga er ikkje så enkel å ha med å gjera. Sur og tverr er ho, og hjelparane hennar veit ikkje heilt korleis dei skal få ho til å dra på smilebandet. Litt redde er dei også, for når ho blir sint må ein nesten stikka fingrane inn i øyro, mens ansiktet vrir seg i skrekk.

Men det er sjølvsagt berre på leik. For det heile er skodespel og no er det ikkje lenge igjen til det brakar laus med premiere, søndag 11. desember i Skjold Arena.

— Eg trur det blir ei kjekk førestilling og eg synest det er ganske kjekt å spela fru Vinter. Ho er sint heile tida og det går fint å spela den rolla, seier Linnea Tjelmeland Hustoft og får bekreftande nikk frå gjengen rundt seg.

Mange barn

Rundt 40 barn på mellom fire og tolv år fyller scenen i kultursalen i Skjold Arena og fleire skal det bli. For i tillegg til gjengen i barneteateret, skal også Skjold barnekor vera med i framføringa av Mysteriet med den forsvunne nissedrakta. Då vil dei telja heile 65 unge personar i aksjon.

I tillegg til nissefar som misser drakta si og den strame fru Vinter, blir ein også kjent med andre ivrige nissar, klønete soldatar og dansande reinsdyr.

knallkjekt å vera med i barneteateret

Førestillinga er ei sjarmerande juleframsyning av engasjerte barn som bidrar med både dans, song og skodespel. Det er mykje å hugsa på for unge hjernar, men dei klarar seg svært godt.

— Eg synest det er knallkjekt å vera med i barneteateret, og når ein har hovudrolla som nissefar er det ganske vanskeleg å hugsa på kva tid eg skal inn på scenen kvar gong, seier Emma Eiknes og rettar litt på den svære hengjemagen som er i ferd med å ramla ut av nissekostymet.

Engasjerte barn

Det er ein engasjert gjeng med mykje på hjarta. Åse Line Johansen synest det er ekstra kjekt at Skjold har eit eige teater berre for barn. Tuva Hustoft er heilt einig, men synest av og til det kan vera ganske vanskeleg å hugsa på alt ein skal sei og gjera i løpet av framsyninga. Eline Dagsland Bråten er ganske sikker på at dei kjem til å spela for fulle salar, for no heng det så mange plakatar rundt om kring i bygda at alle bør få det med seg.

Gjengen i barneteateret har ei formidabel overvekt av jenter, for av 65 aktørar er det berre eit par gutar. Johan Marius Langeland Grønlie er ein av dei, og han har fått ei utfordrande rolle i stykket. Han skal spela ein hund og replikkane hans avgrensar seg til «voff voff»

— Det er i grunnen ei ganske vanskeleg rolle. Ikkje fordi det er vanskeleg å spela hund eller hugsa kva eg skal seie. Men det er veldig vondt for knea å krabba rundt på scenen i så lang tid, seier han, men er blid som ei sol likevel.

Starta i august

Å snart vera klar med ny førestilling i barneteateret er utruleg kjekt, opplyser leiar i UL Skjoldafjord Therese Nesheim. Grunna den store Footloose-satsinga i fjor, har dei hatt eit års pause. Dei starta opp igjen i august og har øvd ein dag i veka sidan. Leiar for barneteateret, Sølvi Haraldseid seier dei har god kontroll på stykket og det gjenstår berre finpuss før dei er klare.

Haraldseid, saman med Marie Eiknes, har vore regissørar denne hausten og neste helg er det berre å benka seg til i salen for førestillinga som skal spelast to gonger same dag. Om ein ikkje tar seg sjølv i å nynna på juleviser etter å ha vore vitne til ei slik sjarmerande og flott framsyning som Mysteriet med den forsvunne nissedrakta er, er ein enkelt og greitt ikkje rett skrudd.

Mysteriet med den forsvunne Nissedrakten 2016

Ronja Røverdatter 2019

Ronja Røverdatter 2019


Astri Lindgren, Madikken,Pippi & Emil i Lønneberget 2015

Kardemommeby 2014


Premierefest i Skjold

Barneteatergruppa presenterer godbitar frå Lindgren

Av Grete Hopland Ravn, Grannar

Rundt 40 barn skal på scenen i Skjold bygdehus når barneteatergruppa skal ha premiere på oppsettinga si. Då blir det utdrag frå både Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Marikken frå Junibakken.

Det er ein god gjeng som står på scenen i det som er siste fellesving før premieren på søndag. Fleire av dei er scenevante med både Annie, Kardemommeby og fleire andre oppsettingar på merittlista si.

— Det er kjempekjekt og eg gler meg til premieren. Eg har ganske mykje tekst å hugsa på, men det går greitt, seier Emil i Lønneberget, alias Kristoffer Knutsen (11).

Det blir ein del pøbel og slåssing på scenen

Han har sidan slutten av oktober øvd kvar måndag på teaterstykket frå Astrid Lindgren saman med heile barneteatergruppa i UL Skjoldafjord, og nå er det få dagar til premiere.

Det er ikkje så mykje premierenervar å spora, verken hos Kristoffer eller hos dei andre som sit på hovudroller. Dei berre gler seg til å få stå på scenen framføra for ein fullsett sal, håpar dei.

— Ekstremt kjekt

Eirik Fjeldheim (11) har fått rolla som Alfred i stykket om Emil i Lønneberget.

— Det er ekstremt kjekt å vera med på teater, og mykje tekst som skal lærast utanåt er ikkje noko problem, seier 11-åringen entusiastisk.

Han får tommel opp frå Nicolai Skjold (11) som har fått rolla som den uskikkelege Bulten i Bu.

— Eg likar rolla mi godt. Det blir ein del pøbel og slåssing på scenen, og den det går mest ut over er Alfred, seier Nicolai kjekt.

Han er elles utstyrt med ein heidundrande pondus som truleg kjem av at Bulten i Bu er litt for glad i sterk drikke.

Tina Hundhammer Reed (12) har fått rolla som Lina, kjærasten til Alfred.

— Det er morosamt å vera Lina. Ho er mykje på scenen og det er noko eg likar godt. Det er kjekt å spela teater, seier Tina.

Flinke barn

Oppsettinga skal visa korte skodespel frå Astrid Lindgren sine kjente og kjære skikkelsar. Barna som går i 1. – 4. klasse vil visa utdrag frå både Pippi Langstrømpe og Marikken frå Junibakken, mens barna som går i 5. -7. klasse vil visa teaterstykket Emil i Lønneberget.

— Me har med oss både nye og gamle skodespelarbarn, og dei er vane med å venta på tur, vera stille når dei andre er på scenen og gode på å øva inn replikkane sine, seier Marita Kvigne som er ein av dei vaksne som har vore med som leiarar.

Sølvi Haraldseid er leiar for barneteateret og har ansvar for regi og sufflørjobb. Saman med Marie Eiknes har ho også hatt ansvaret for den yngste gruppa som skal framføra innslag frå Pippi Langstrømpe. Annelin Bauge og Marita Kvigne har kontroll på dei som skal framføra innslaga om Marikken. Kostyma er det Pia Flæte som står for.

Levande teater

Barneteateret i Skjold er kjent som eit av dei mest levande teatera i grannardistriktet. Fleire gonger har dei hatt oppsettingar som har kravt mykje planlegging og folk i diverse roller. Folk til assistanse både på og bak scene har også vore nødvendig å få på plass, og ifølgje Marita Kvigne har mange vore flinke til å stilla opp. No skal dei eldste gjennomføra siste finpuss kommande helg, då dei arrangerer øvingshelg før generalprøve for alle.

Vebjørn Rullestad på piano og Anders Stendal på bass er utlånt frå gruppa Level 6, og har heile ansvaret for musikken.

— Me er jo heldige som har flinke folk på lyd og lys også. Brian Nilsen hjelper til med lyd og Alf Handeland har ansvaret for lys, seier Kvigne.

Med andre ord er teatergjengen i Skjold i rute, og dei gler seg til teppeløft på søndag.

Hakkebakkeskogen - 2008