Teater

Spente før premieren

Forelsking og forvikling er hovudingrediensane når UL Skjoldafjord set opp folkekomedien «Elskovsdrikken».

Av Margit Grønstad

Det er lått og løye både blant dei som sit og ventar i salen og dei som boltrar seg på scena i Skjold Arena. 25 medlemmar av UL Skjoldafjord er i full sving med øvingane før premieren 14. mars. Dei har tradisjon for å setta opp ei førestilling kvar vår, og denne gongen fall valet på teaterstykket «Elskovsdrikken» av Stig Bang.

Ferske på scenen

— Det blir kjekt å prøva noko nytt, som regel har me sett opp ein musikal eller revy, fortel leiar i ungdomslaget, Johannes Nesheim. Ungdomslaget har om lag 30 vaksne medlemmar frå 16 år og oppover, og om lag 60 barnemedlemmar. I år har dei og fått med seg fem heilt ferske medlemmar. Ein av dei er Sverre Grunnaleite. Han blei nærast headhunta.

— Eg blei ringd opp på jobben og spurd om eg ville vera med, og kunne ikkje seia nei. Eg har ikkje så mykje erfaring med å stå på ei scene, men eg likar utfordringar, smiler 23–åringen som spelar rolla som den forelska guten Richard.

Han fortel at Richard ikkje heilt klarar å manna seg opp, og plaprar nervøst i veg om hakkespettar og andre fuglar når han treffer jenta han likar.

Lokal vri

Med to forelska som ikkje veit korleis dei skal få kvarandre, ein heimvendt son og storkar som skal kjøpa eigedom, ein lettare forvirra Nelson som mellommann for det heile, samt ein elskovsdrikk, blir det forviklingar. Og ein god dose latter, trur leiar Nesheim.

— Me ser fram til premieren og er spente på responsen. Eg trur det blir mykje latter i salen når bygdeoriginalen «Nelson», spela av Øyvind Haakull, kjem med replikkane sine. Nesheim fortel at dei har gjort ein lokal vri på stykket, med stadnamn frå Skjold.

— Toppidrettssenteret skal ligga på Vikaneset, lyder det frå scenen der storkaren og den heimvendte sonen Rolf er i siget. Han har store planar for bygda. Det er og snakk om eit badeanlegg på Lie og ei naturiststrand.

— Blir det toppidrettssenter, blir det naturiststrand, lovar Rolf som blir spela av Håvard Haraldseid, frå scena.

19–åringen byrjar å bli scenevant. Han blei med i ungdomslaget for om lag fire år sidan og har spela i fleire revyar.

— Eg likar å showa litt på scena, men det er lettare med revy. Då kan ein slå seg litt meir laus. Det er første gong eg er med på eit teater, fortel Haraldseid, som førebels berre er skodespelar på hobbybasis.

Stort engasjement

Gjengen har øvd ein gong i veka sidan januar, og det blir litt meir intenst framover mot premieren.

Dei har nyleg fått med seg Therese Nesheim som har lang erfaring med mellom anna musikal.

— Eg er inne og har den siste finpussen på rollene, seier ho og fortel at ho allereie er i gang med å planlegga ungdomslaget si neste framsyning våren 2016: «Footloose». Det er altså stor aktivitet og engasjement for revy, teater og musikal i UL Skjoldafjord.

— Det er veldig kjekt og sosialt å vere med på. Samstundes gir ein noko tilbake til bygda, synes Håvard Haraldseid.

Han er spent på premieren på «Elskovsdrikken».

— Me håpar på fullt hus og stormande jubel, ler leiar Johannes Nesheim, som førebur ein festkveld premieredagen med dans etter framsyninga.

Den spanske flue

Skal det være et barn?

Tante Jutta fra Calcutta