Revyer

"Spar på alt" 2020

Helga før Covid-19 stengte alle dører var det fult hus og stormande jubel på Skjold Arena. Torsdagsklubben spelte til dans.


Suksess for Spar på alt

UL Skjoldafjord lokka med gode sparetips då dei inviterte til revypremiere fredag kveld. Om det var sparetipsa eller dei gode skodespelarane som lokka, er ikkje godt å seie, men salen var fylt til siste sete.

Av Grete Hopland Ravn, Grannar

På same måte som ein baby treng trøyst frå mor når verda buttar i mot, melder behovet for trøyst seg når kommunen sin pengepung minnar meir om ei vrengt bukselomme enn eit bognande framtidshåp. Suttande på totten kryp Morten Eiknes opp i fanget på Ann Mari Tjoflot, og etter eit par augeblikk blir alt eit lite hakk betre. Men berre litt.

— I grove trekk har me lagt den skrale kommuneøkonomien som ein raud tråd gjennom heile førestillinga. Me har også sett på klimatiltaka som alle vil ha, men ingen vil gjera noko med, seier leiar i UL Skjoldafjord, Håvard Haraldseid.

Nye ansikt

Fredag 6. mars brakar det altså laus med premiere på årets skjoldarevy, med halvannan time show og reprise dagen etter. Laurdagen blir det også dans etter førestillinga.

den skrale kommuneøkonomien som ein raud tråd

Håvard Haraldseid, leiar UL Skjoldafjord

I fleire månadar har ensemblet på 20 personar jobba entusiastisk, og no er det berre finpussen som gjenstår.

— Rundt 15 personar er med som skodespelarar på scenen, og me har vore heldige for me har fått fleire nye dei siste par åra. 3 – 4 stykk har vore med på ein revy tidlegare og så har me to heilt nye i år. Det er veldig kjekt at det kjem ungdommar til i revygruppa vår, det er jo trass alt eit ungdomslag, seier Haraldseid.

Trude Gullhaug som også er med i oppsettinga, kan røpa at det er rundt 20 innslag i førestillinga i tillegg til ein pause.

Bruk og gjenbruk

Bruk og gjenbruk er noko publikum får stifta nærare kjennskap til, og ensemblet har både gode og mindre gode råd til korleis ein kan spara på kommunekronene. Eksempelvis kan det vera mykje god økonomi i å bruka eingongsprodukt, litt fleire gonger enn berre den eine gongen. Dette går rett inn som gode økonomiske råd til politikarane som skal handtera sjukeheimspolitikken, og eldreomsorga.

Her kjem også ein økonomiekspert på banen, for visste du forresten at Luksusfellen sin kjende skalle-per faktisk har ei syster? Hallgunn Kvadsheim er ei ivrig dame som har mange gode sparetips til ein bankerott kommune.

Parodiar

Publikum kan også gle seg til ein sketsj om kvinnekroppen som blir tatt ut frå originalen, og politikarane får passet sitt påskrive i den omskrivne Busserulls-låten; Kommunestyreblues.

Det er ikkje berre politikarane som blir parodiert i årets oppsetting, for Haraldseid røper at dei pirkar borti fleire som gjer seg gjeldande i bygdene.

— Det er ingen som skal kjenna seg trygge, seier han og legg til at det ofte er dei som vågar å seia noko høgt i bygda som blir trekte fram i spotlighten.

— Så er det også ei kjensgjerning at det er ei ære å bli parodiert, legg han til.

Ein viss lokal «skjeggebust» er mellom anna ein gjengangar som publikum også i år får eit gjensyn med, og som alltid har han både «eitt og hitt» på hjarta.

Fredagsførestilling

Både songar og sketsjar er skrivne av ensemblet sjølve, og inspirasjonen er gjerne henta frå andre sketsjar dei har sett.

— Eg synest me har vore flinke med å halda på den raude tråden gjennom showet, og no gler me oss berre til å koma i gang, seier Haraldseid.

Tidlegare har UL Skjoldafjord hatt førestillingar både laurdag og søndagar, men i fjor flytta dei søndagsførestillinga to dagar fram og opplevde stort løft i publikumstalet. Over 600 menneske såg revyen i fjor, og det er dei svært fornøgde med.

Laurdag blir det dans etter førestillinga, og det er Torsdagsklubben som står for musikken. Dette bandet er samansett av Alf Helge Stendal, Berge Thomas Velde, Knut Ståle Storesund, Arne Tveit, Kjetil Ohm og Gro Marit Messmer Larsen.


Det var fullt hus då premieren på UL Skjoldafjord sine siste sprell; Spar på alt gjekk av stabelen i Skjold bygdehus fredagskveld. Salen var fylt til siste sete, og visninga som går laurdag kveld har vore utselt i vekevis.

Publikum fekk valuta for pengane, og humoren var som vanleg planta godt under beltestaden. Her kom dei gode sparetipsa som perler på ei snor; eingongsutstyret på helsestasjonar, omsorgssenter og legesenter blir brukt opptil fleire gonger, matombering til dei eldre er vel mogleg å ta i same slengen som brøyting av veg, om ein berre er positivt innstilt, og samanslåing av bygder – og kalla alt for Skjold – er truleg Guds eigen vilje.

"Heilt på tur" 2019

Heilt på tur i Skjold

TUI-damene med Ulla Red i spissen er klare for å innta Skjold for å gjera denne fantastiske staden til ein turistattraksjon. Og kva som rører seg i denne bygda, får dei også innblikk i.

Av Sirianne Vikingstad, Grannar

Om «blonde piker» ikkje har rykte på seg for å vera dei skarpaste knivane i skuffa, så bidreg ikkje dei tre svenske TUI-bertene Ulla Red, Marianne Lund og Charlotten Berg til å betra særleg på inntrykket. No har dei oppdaga Skjold, og legg turen til den norske vestlandsbygda for å sjekka om dette kan vera ein ny charterdestinasjon. Med høge hælar, lårkorte antrekk og glinsande lipgloss er dei klare for å «bjuda på» for turismen.

UL Skjoldafjord er med andre ord klare for ein ny runde bygderevy, og dei tre TUI-bertene blir spela av Ingebjørg Susort Velde, Tone Haugen Moe og Trude Gullhaug. Årets førestilling har fått namnet Heilt på tur og har premiere fredag 15. mars på Skjold bygdehus. Også laurdag 16. mars viser dei førestillinga, og denne kvelden blir det dans etterpå.

— Den raude tråden blir nok charterfeberen. Likevel er sketsjane litt uavhengige av dette temaet og serverer både parodiar på bygdefigurar og sleivspark til nabobygder, seier Anna Øygard (42) som har vore med i UL Skjoldafjord i mange år.


"revyen serverer både parodiar på bygdefigurar og sleivspark til nabobygder"

Anna Øygard, UL Skjoldafjord


— Ingen skal kjenna seg trygge på å bli parodiert, seier Joakim Hustvedt (19) som er med for aller første gong. Noko som også har gitt meirsmak for unge skodespelaren.

Samlar bygda

Utan at dei vil røpa for mykje, er det nok vikebuen som har mest å frykta når det kjem til ventande sleivspark frå revygruppa. Men som dei proffe seier; det skal vera ei ære å bli parodiert.

— Me legg opp til ein god gamaldags bygderevy og vanlegvis er dette kjekke ting å vera med på, for det samlar heile bygda eit par kveldar. Det er veldig positivt, seier Øygard.

Mellom anna får publikum vera med på ei treningsøkt i det nye Trimeriet i Skjold, og det er ikkje alltid godt å vita kva ein skal kle på seg når ein skal debutera i eit treningssenter. Ikkje er det like greitt å møta presist heller, og når første time er yoga for relativt ubalanserte skjoldabuar kan det fort bli moro. Mellom anna er det ikkje greitt for Håvard Haraldseid som aldri før har sett sin fot i eit treningssenter. Ikkje treff han blink når det gjeld treningstøyet heller, der han stiller i ein åle-trong kondomdrakt med tigermønster. Heller ikkje finn han sin «indre balanse» når han skal sitja på yoga-ballen, og då yogatrenaren ropar ut at alle som har problem med balansen, kan gripa eit godt tak i ballane, så er det ikkje så lett for stakkars Haraldseid å vita kva ballar det eigentleg er snakk om.

Støttar Hippo

For første gong stiller UL Skjoldafjord med fullt husband til revyen, for tidlegare har det berre vore til musikalar dette har skjedd. Dette trur Øygard og Hustvedt blir bra. Husbandet som består av Arne Tveit på piano, Berge Thomas Velde på trommer, Kjetil Ohm på vokal, Alf Helge Sendal på gitar og Knut Ståle Storesund på bass, spelar også opp til dansen som finn stad etter førestillinga laurdag.

Premierekvelden har UL Skjoldafjord også gått inn for eit samarbeid med ungdomsklubben Hippo. Inngangsbillettane på Hippo kjem til å vera litt dyrare enn vanleg denne fredagen, men då får alle ungdommane gratis inngang til revyen etterpå. Inntektene Hippo frå den litt dyrare inngangsbilletten, går direkte til ungdomsklubben. Med andre ord sponsar UL Skjoldafjord ungdomsklubben med 70 kroner per billett.

Skrivegrupper

Årets revy er skrive av fleire grupper i revygruppa, med Håvard Haraldseid og Øyvind Haakull i spissen. Haraldesid er også revysjef i år. I alt er 20 personar medverkande i førestillinga, 13 av dei blir å sjå på scenen.

"Fri flyt" 2017

Jubel for Skjold-revy

Det var ikkje få som blei parodiert eller omtala då UL Skjoldafjord i helga presenterte den rykande ferske revyen sin Fri Flyt. Til lått og jubel for bydefolket i salen.

Av Grete Hopland Ravn, Grannar

Parodiane sto i kø då gjengen i UL Skjoldafjord slo seg laus på scenen i Skjold bygdehus i helga, og denne gong blei både lokalsamfunnet og dei som bur der grundig sett under lupa. Og publikum jubla med frå første sketsj.

— I kveld var publikum heilt fantastisk og me er utruleg fornøgde med premieren. Det sto til forventningane og denne revygjengen er verkeleg ein herleg gjeng, seier Håvard Haraldseid, ein strålande fornøgd revysjef etter premieren.

Intern humor

Den raude tråden gjennom det meste av førestillinga var den tette relasjonen til lokalsamfunnet og til folket som bur i Skjold og Vikebygd. Og for bygdefolket var dette i det store og heile den eine fulltreffaren etter den andre. Gjenkjenningsfaktorane på personar var tydelege, for det skulle ikkje meir til, enn eit spesielt ganglag, ein måte å kremta på eller andre spesifikke deltaljar som går på utsjånad, for at publikum identifiserte den som blei parodiert. Skal ein døma ut frå responsen hos publikum var dette innertiar og sidan dei interne spøkane blei svært interne, er det grunn til å tru at det stort sett var skjoldabuar og vikebuar i salen. Dei fleste hang nemleg med i svingane gjennom heile førestillinga.

På kornet

Mellom anna fekk ein stifta nærare kjennskap med musikkgruppa Bella Bedford, då dei framførte låten «når du mot meg ser» frå gruppa si første plateutgiving i 1995. Øyvind Haakull, Vegard Skartland og Håvard Haraldseid gjennomførte parodien på glitrande vis. Med andre ord var det like fælt og falskt som originalen, og publikum var med på notane.

Det sto til forventningane

Eit folkemøte med Ole Torp som ordstyrar var på også på plakaten. Her blei fleire lokale bygdepersonar presentert og det var ikkje tvil om både representantane på folkemøtet og sakene som blei tatt opp, fengja salen.

Ein legekonsultasjon hos Terje Kleiven og sjukepleiar Marit utarta seg også på svært humoristisk vis, då Odd Steinar Kvinnesland kom til konsultasjon. Denne sketsjen raga nok i toppen på høgdepunkta, for både Kleiven som blei gjenskapt av Øyvind Haakull og Kvinnesland av Håvard Haraldseid, spela sine rollekarakterar på glitrande vis. Både dialektar og kostymer sat som eit skot, og då Kleiven blanda rollene som lege og geitebonde, samt konkluderte med at Kvinnesland venta tvillingar og skulle føde i mai, brølte salen i lått både høgt og lenge.

Mykje talent

UL Skjoldafjord er også flinke til å bruka folk der dei er gode. Mellom anna framførte Håkon Haraldseid, Vegard Skartland og Morten Eiknes den populære låten «Berre så du vett det» med Stavangerkameratene, og ein kan ikkje anna enn å konkludera med at mannfolka kan syngja. Vegard Skartland framførte fleire songar i løpet av kvelden, og viste i tillegg til at han handterer munnspel på imponerande vis at han også er ein svært habil skodespelar som viser seg trygg på scenen og som har ein eigen evne til å ta folk på kornet.

I det store og heile var dette ein fengjande premiere, med mange gode poeng og mykje flinke skodespelarar som gav alt på scenen. Om ein ser bort frå nokre få sekvensar med langdrygt bygdesladder, blei årets revy ei storvegs oppleving.

Revy 2014

Jubileumsforestilling

"I nitti" 2012

"Gi gass" 2010

"G-streng" 2008

"Endelig åpent" 2006

Skjoldarevy gjekk rett heim

Etter intense øvingar den siste tida, var UL Skjoldafjord endeleg klar for revy igjen

Av Liv Jorun Frønsdal i Grannar

Etter intense øvingar den siste tida, var UL Skjoldafjord endeleg klar for revy igjen denne helga.

Ein lokal revy vil naturleg innehalde mest frå nærmiljø, men revyen hadde også innslag som passa for andre enn skjoldabuar. Lattermusklane fekk nok likevel trimma seg mest for dei som har lokal tilknyting. Den nye kommunen var sjølvsagt eit tema i ein revy så tett etter kommunesamanslåinga. I formannskapsmøte, utan kvinnekvoten, var det bl.a. kniving om kven som skulle behalde ordførarkjedet, Bergsvåg eller Håvås, og Oddvar Haugland, morosamt tolka av Harald Eikanger, som kjempa for sentralisering i Imsland. Folkemøte i Sandeid og bruken av Mo skule i Vikedal, var også tema. Skjold Songkor har for tida for få songarar, og formann Norleif Fjeldheim ville halde audition for å få fart på koret igjen. Mange lokale songarar får prøve seg, der bl.a. Birte Barane fekk opp stemninga i salen med sin glimrande imitasjon.

Gode enkeltprestasjonar.

Det er vanskeleg ikkje å nemne Veronika Frøyland og Øyvind Haakull sine skodespelartalent. Haakull fekk fram latterbrøl i salen når han spela Kiwi-sjef Børretzen, og ikkje minst med imitasjonen av tidlegare lærar Torbjørn Espeland. Også kveldens avslutningsinnslag, der Frøyland og Haakull spelte seg sjølve på gamleheim femti år fram i tid, var morosamt og særs godt spela. Revyen hadde fleire flotte songinnslag, og Nina F. Frøyland og Leif Christian Andersen sin versjon av Madrugada og Anne Brun sin slager «Lift me opp», var særs flott. Det er heilt sikkert ikkje siste gong me høyrer Andersen som soloartist, han har ei utruleg flott songstemme, og etter revyen vart han «nedrent» av folk som ville rose han.

I ein revy vil innslag alltid variere litt i korleis dei slår an hos publikum, slik var det også under denne revyen. Men UL Skjoldafjord kan vere godt nøgd med nivået på revyen, og med tanke på at det var fleire som spelte revy for fyrste gong, lovar dette svært godt for revyar i Skjold også i framtida.

"Med glede uten tvil" 2004

"Sop i hop" 1988

Vårsprett'n 1979

Omlag 500 har sett Vårsprett'n. På grunn av den store pågangen har det vorte naudsynt å setja opp ei ekstraførestilling på Vårsprett'n i Skjold. Totalt har dei solgt 3 fulle hus. Jubelen har stått i taket og dei som steller med revyen er sjølvsagt svært nøgde med mottakinga. Kai Husteveit er ein av drivkreftene bak Vårsprett'n. Suksessen freistar til gjentaking, men Banksalen (revyscebene) skal som kjent rivast. Det nye Bygdahuset (når det står ferdig) vil verta den framtidige scena til revygruppa i Skjold.